Sv: Nynorsk?
Eg synest ein burde gjere noko for å unngå at nynorsk held fram med å vere så veldig upopulært. Men akkurat kva, dét veit eg ikkje.
Dersom ein tok bort det obligatoriske, ville det kanskje verte meir eksotisk å kunne nynorsk i enkelte delar av landet? Tvang framprovoserer gjerne uvilje, og dette har pågått i grunnskulen over lang tid.
HI si haldning er radikal og sårande nok (sjølv om dette er eitt av dei få innlegga eg skriv på mitt opprinnelege skriftspråk), og eg er veldig einig i Alfa, som skriv flott om dette og får meg til å angre på at eg stadig vekk skriv på bokmål.
Det ville ikkje vore noko praktisk problem for nynorsk-brukarar å gå over til bokmål, då vi har evna å ta inn over oss begge to gjennom ulike medier - at bokmålsbrukarar ikkje klarer det samme, skuldast vel at nynorsk blir brukt for lite.
__________________
2012, 2007 og 2004
|