Sv: Blir dere påvirket?
Påverka og inspirert? Sjølvsagt. Med så mykje kunnskap og erfaring om det eine og det andre samla på ein plass, ville det vere utruleg dumt å stappe fingrane i øyrene og lalle høgt for meg sjølv for å unngå informasjon! Eg meinar, det var nettopp for å få svar på diverse spørsmål eg oppdaga nettforum av denne typen i første omgong.
Eg overser det eg veit ikkje passar for meg og mine forhold, og studerar grundigare det andre. Takk for masse nyttig info jenter! 
|