Sv: Meningen med livet
Mannen min har nøyaktig dobbelt så høg lønn som meg. Derfor er det rimeleg innlysande at dersom ein av oss skal gå ned i stillingsprosent, så må det bli meg.
Mannen tok forøvrig pappaperm i Storesøster sitt første leveår og eg har hatt permisjon i Lillebror sitt første leveår. Da var det jo enkelt, for inntekta vart den same om han jobba eller om han var i permisjon. Men om han skulle gått ned i stillingsprosent ulønna, hadde det vore ein særdeles dårleg økonomisk deal.
Kan forresten arbeidsgivar nekte arbeidstakar å gå ned i stillingsprosent? Har ikkje høyrt om eit einaste eksempel på redusert arbeidstid (med unnatak av sjm.) ved industriarbeidsplassane her i distriktet
Eg er ei elendig husmor, så eg brukar slett ikkje fridagen til å bake og vaske. Eg ryddar og ordnar akurat nok til at eg har god samvittighet til å slappe av på sofaen, ta ein trimtur, surfe, lese, shoppe etc. Eg trenger eigentid og legg ikkje skjul på det heller.
__________________
Bergensis
|