Sv: Har du havnet på "riktig hylle"?
Både og.
Eg har tatt ein utdanning som er interessant og relevant og viktig, men eg har enda ikkje praktisert etter endt utdanning. Eg forsøkte i to år å få igang ein eigen arbeidsplass her ettersom markedet definitivt er tilstades. Helsepolitikk og sentraliseringskåthet, samt kvinnefientleg mann i sentral posisjon gjorde det heile umulig. Eg møtte veggen og har ikkje orka tenke fag sidan. Eg er usikker på om eg nokon sinne kjem til å praktisere igjen. Dessverre.
Eg er svært lei meg for dette. Og bitter og sint på eit system som overhovudet ikkje fungerer for aktuelle brukarar her i distriktet. Men eg er makteslaus i eit så stort system. Dessutan prioriteres ikkje mitt fagfelt i helsevesenet til tross for at det er uendeleg viktig.
Dessutan blir eg dagleg minna på om at dersom eg hadde fullført fysioterapiutdanninga eg starta på, ville eg hatt jobb her i dag. Eg måtte pga. sjukdom avbryte denne utdanninga og kom dessverre aldri igang igjen.
__________________
Bergensis
|