Fengsel?
Dersom du blir dømt og satt i fengsel, korleis vil dagane sjå ut da?
Må du jobbe?
Leser jo at Veronica Orderud tar mastergrad i teologi medan ho sitter inne. Det høyres jo flott ut å få ta ei utdanning medan du sonar, men gjer dei dette på fritida eller blir dei fulltidsstudentar i fengsel?
Eg kan lite og ingenting om kriminalomsorga, men det slo meg at cellene dei bur i ikkje er heilt ulik studenthybelen eg budde på i si tid. Og til tider høyres det ut som ein god idé å bli bura inne og få fullført ei utdanning utan å bli distrahert i hytt og pine.
Dessutan får dei sikkert sove ei heil natt samanhengande i fengsel
Har lurt på dette ei stund, men har ingen bekjente med rulleblad. Enda.
__________________
Bergensis
|