Vis enkelt innlegg
Gammel 22-06-15, 08:32   #89
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.653
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Sv: Sliter dere med å finne mat alle liker?

Vi slit med å finne mat alle likar, eller kan ete i det heile tatt. Mnnen er frykteleg allergisk mot alt av fisk og skalldyr, og ein haug med andre ting, såpass at han kan dø av det. Han kan ikkje ein gong vere i huset når fisk blir tilberedt, fordi os eller damp frå fisk er nok til at han blir dårleg. Så fisk er det svært, svært sjelden vi har her i huset. Dessverre, sidan eg er veldig glad i fisk. Eg er til gjengjeld ikkje så glad i kjøt, og det meste av reint kjøt klarar eg rett og slett ikkje å få i meg. Det veks og veks i munnen, og eg klarar ikkje å få det ned i det heile tatt. Eg ser at Minste har det på same vis på ein del ting, så her er det litt meir enn enn at helst vil ha noko anna.

Vi prøvar å finne noko som alle kan ete, og spesielt Minste og eg er flinke til å ete masse tilbehør. Vi blandar ikkje salatingrediensar eller så mykje anna, så alle kan finne noko dei likar og toler, og om middagen kun består av poteter og agurk ein dag, så går det fint det og.

Olvina er ikke aktiv   Svar med sitat