Sv: Skal alle her ha Norgesferie i sommer?
Eg har ikkje avbestilt ferien til Gran Canaria endå, men reknar det som 99% sikkert at det ikkje blir noko av. Så har leid ei rorbu i Lofoten også. Planen er å køyre opp i begynnelsen av juli. I tillegg har vi leid ei leiligheit på Sørlandet eit par dagar heilt i slutten av juli. Tenkte å ta ein tur i Dyreparken og forhåpentligvis bade litt i sjøen, i tilfelle det blir surt og kaldt i Lofoten. Treng litt følelse av sommer før eg begynner på jobb igjen!
Det er heilt uaktuelt for meg å betale inn det resterande beløpet eg skylder Ving (ca 80 000) for turen til Gran Canaria med betalingsfrist i begynnelsen av juni sålenge eg ikkje er sikker på at turen blir noko av. Eg har jo krav på å få det tilbake, men har høyrt rykter om at det har tatt mange veker for andre som har fått turen sin kansellert. I såfall vil vi ikkje ha råd til Lofoten-turen. Så eg kjem nok til å avbestille rett før betalingsfristen dersom det ikkje har skjedd ei voldsom positiv utvikling med normal-situasjon i Spania og endra reiseråd og karanteneregler her i Norge.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|