Sv: Etisk- skulle man latt være?
Eg tenker - utan å kjenne saken frå anna hold enn media - at dette er ein reportasje som kjem som ein konsekvens av at så mange har gitt mora så mykje spalteplass. Dersom vi skal diskutere etikk og VVP i denne saken, er det dei avisene som har gitt denne mora så mykje plass som bør diskuterast. At påstandane hennar blir granska, er på sin plass.
Eg reagerer imidlertid på det dei skriv om informasjon frå skule og helsevesen. Særleg rektorane går langt i å offentleggjere informasjon om kommunikasjon med heimen. Dette med vilkår om oppfølging rundt utskriving og BUPA si bekymringsmelding til barnevern, er og ting eg reagerer på at har komme ut. I og med at mor ikkje har ønska å kommenterte saken, antar eg at ho ikkje har fritatt rektorane og BUPA frå teieplikt.
Viss denne sida av saken stemmer, er eg einig i det med at desse lett identifiserbare venninnene fortener å bli reinsvaska.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|