Sv: [Dyne] Dun eller fiber?
+ 1 på dun.
Eit godt argument for dun er at det er langt enklare å vaske og tørke ei dundyne/pute enn stor fiberdyne. Ein bør rett nok ha tørketrommel da. Men fiberdyner, særleg dei tjukke, trenger veldig lang tid i vaskemaskina for å bli rein, og har lang tørketid.
Me har berre sommardundyner her. Eg orkar ikkje å ha det kaldt på soverommet, da sveittar eg som eit uvær midt på natta, uansett dyne. 18-20 grader og sommardundyne er fint. Ingen problem å sove med fiberdyne heller, men den bør også helst vere sommarvarianten.
__________________
Bergensis
|