Sv: Ting man aldri hadde trodd man skulle si
Det blir nok betre når du får kome inn i nytt miljø. Det er ei veldig fin linje du kan gå på 4 timar herfra.
Når det er den einaste trøsta du kan tilby, så er det jammen vanskelig å holde motet oppe.
Takk og lov så har ting endra seg. Og no er det andre ting eg aldri trudde eg skulle seie; "du kan ikkje reke ute til langt på kveld når det er skuledag dagen etter" og "Du får berre 200 kr til å shoppe for" når ho skal på shopping med to andre jenter.
Kan knapt få sagt kor fint det er å måtte sette sånne grenser. Spør meg igjen om eit halvt år. Mulig eg har endra oppfatning. Eg håpar iallfall at det framleis er ei problemstilling i fleire år! Alternativet er kjipare enn kjipast.
__________________
Bergensis
|