Sv: "Den mentale belastningen" - gjelder dette i Norge?
Eg trur hverken 007, andre som har uttalt seg eller meg sjølv snakkar berre om den "forsømte eldreomsorgen" når det blir snakk om omsorg av pleietrengende foreldre. Det er snakk om å følge til legen, kjøpe julegaver og bursdagsgaver til barnebarn, handle på butikken, vaske golvlister for det er langt ned til golvet, ta ned krumkakespannet frå øverste hylla på kjøkkenet for ein blir svimmel av å klatre opp stigen, stryke duken til venninnebesøk "fordi det må vere duk" og tusen andre småting. Foreldre har ofte desse behova i åresvis før behova blir av ei slik grad at det offentlege trår til. Og desse oppgåvene meiner eg ein som barn ikkje kan velge vekk.
__________________
Gut 02 Jente 05
|