Vis enkelt innlegg
Gammel 21-09-18, 22:33   #13
Bergensis
Ventar stadig på vår
 
Bergensis sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 9.758
Bergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt av
Standard

Sv: Hva er det med nordmenn og hytta

Fjellhytter på begge sider av familien her. Eg forstår ikkje opplegget, må eg innrømme. Dei snakkar om å kople av der oppe. Men det dei i realiteten gjer, er å jobbe med eitt eller anna mesteparten av tida. Måking, maling, pussing, vehogst. Eg koplar utmerka godt av utan sånt. Særleg vår og sommar forstår eg lite av hytte-greiene. Det byrjar endelig å bli fint her nede, så pakkar ein sakene sine og forsvinner opp på fjellet der det er ein tanke meir ustadig vær, alltid meir vind, og 5-10 grader lavare enn her heime. Om vinteren er det ok å komme seg til fjells for å sjå sola nokre timar. Men da er det typisk så kaldt at det ikkje er mogleg for frostbogar som meg å vere ute.

Eg finner ikkje roen på hytta. Det er eit mas om at ein skal ut. Det skal gåast visst langt, og om ikkje må ein iallfall baske i snøen i tilsvarande mange timar. Og ein skal ete ute i kulden så sant det ikkje regnar og haglar eller at det er vind over 15m/s. Dessutan er det forventningen om at det er så kos. Eg går med skuldrene oppunder øyrene frå start til slutt, uansett kor trivelig vertskapet er.


Eg kunne tenkt meg hytte eller leilighet ved sjøen, men det er særs lite aktuelt innan rimelig avstand herfra.

Det kostar jo ein del med hytte. Me likar å reise for pengane me har "til overs".

Mannen ymta på å kjøpe hytte ein gong. Eg gav han da ei liste over alle uferdige prosjekt i heimen (henge opp bilder, male tak, få lys ute etc), og sa at me kunne diskutere det den dag alle desse små-jobbane er unnagjort. Han har ikkje tatt det opp fleire gonger. Men lista over mindre prosjekt blir stadig lenger.

__________________
Bergensis
Bergensis er ikke aktiv   Svar med sitat