Sv: Er det veldig dyrt å la lysene stå på i alle rom? Pluss ranting om rotete tenårin
Det er heilt håplaust her også. Det er lite me får gjort. Me må velge ut kampane våre meir enn dei fleste med tenåringen her. Eg forsøker å gi blaffen, dvs. eg går knapt inn på rommet. Eit par gonger i året tar eg eit raid der eg ryddar og vaskar skikkelig, også i skap og skuffer. Da setter ho faktisk pris på at det er ryddig og reint.
No ønsker ho seg eit litt meir voksent rom. No har ho tyggegummirosa vegg, barnslige gardiner og framleis ein del leiker. Me har lova henne å pusse opp litt, kjøpe nye gardiner og ny seng dersom ho evnar å holde det ryddig. Den eksepsjonelt stae tenåringen seier ho skal holde det ryddig framovar OM me pussar det opp først. Så rommet er framleis rosa. Me kjenner henne såpass.
__________________
Bergensis
|