Sv: Tur til ubetjent hytte
Eg rekner med du kjenner til nøkkelordninga på DNT-hyttene? Ein må ha ein nøkkel som passer til alle sjølv- og ubetjente hytter, denne får du mot depositum på DNT-kontor. Det står at det skal vere litt toalettpapir og stearinlys på hytta, men dei oppfordrer folk til å legge igjen omtrent det dei har brukt.
Elles er pakkelista til Molly god. Eg ville hatt med fiskestang i tillegg.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|