Vis enkelt innlegg
Gammel 14-12-10, 15:40   #12
Didjeridust
Forelska
 
Didjeridust sin avatar
 
Medlem siden: Sep 2009
Hvor: Sandnes
Innlegg: 843
Blogginnlegg: 17
Didjeridust imponerer mange og er sikkert smartDidjeridust imponerer mange og er sikkert smartDidjeridust imponerer mange og er sikkert smartDidjeridust imponerer mange og er sikkert smartDidjeridust imponerer mange og er sikkert smartDidjeridust imponerer mange og er sikkert smart
Standard

Sv: To bilete som seier ein del

Opprinnelig lagt inn av him, her.

Ja, det er godt mulig jeg har misforstått noe i artikkelen også. Den omhandlet også litt hvor opptatt folk var av klimaet, så da er det vel også mer naturlig å ta opp andre strøk enn nordpolen. Men når du sier polare strøk, mener du da nordpolen og sørpolen?

Det er fyrst og fremst i arktiske strøk ein forventar å sjå størst oppvarming med utgangspunkt i resultata frå køyringar av klimamodellar, noko som har synt seg stemma med kva som vert observert. Med arktiske strøk meiner ein ikkje berre sjølve nordpolbassenget, men og dei omliggande landområda. I sør råder heilt andre geografiske og, som nemnt, meteorologiske og klimatologiske tilhøve.
Ein viktig skildnad mellom Arktis og Antarktis er at fyrstnemnde er eit havbasseng omslutta av store landmasser. I Antarktis er det omvend. Landmassar vermast fortare opp enn hav og i tillegg er Sørpolen dekka av eit til dels fleire kilometer tjukt islag som er med på å hindra oppvarming der. Dette er lukkelegvis med på å hindra rask nedsmelting av iskappa i sør: All smelting vil måtta skje der iskappa er i kontakt med havet. Havområda i sør er dei som synar den raskaste oppvarminga*, noko som har gjeve seg utslag i målbare tap av ismassar i utkantane. Nokon vil påpeika at havisen i sør aukar. Eg vil tilrå å lesa ein interessant artikkel om dette på nettstaden skepticalscience.com. Det er verd å merka seg at i sør har havisen ein positiv trend på 0,7% per tiår medan i nord er det ein negativ trend på 11,2% per tiår. Du kan sjekka denne videoen, spesielt frå 4:20.

* Merk: Kartet over syner lufttemperaturar

__________________
Rart er fint
Didjeridust er ikke aktiv   Svar med sitat