Sv: 'I forhold til'
Eg irriterer meg faktisk mykje meir over bruken av "henne" som subjekt. Her om dagen hadde eg ein time kor eg repetere subjekt/verbal/objekt for 16-åringane og prøvde å lære dei at dei ikkje kan skrive "Henne kommer ikke på skolen, fordi henne er syk i dag", og at dei helst ikkje bør seie det heller. Etter å ha gått gjennom alle pronomena, hadde eg ei kjensle av at dei fleste fulgte med og skjønte greia. Heilt til ei av dei rakk opp handa og sa:
"Hvorfor står ikke dems der? Og hvorfor får jeg alltid rød strek av å skrive dems?"
(eg gremmer meg litt ekstra nå, over at ipad- stavekontrollen slapp "dems" rett gjennom, utan å protestere!)
|