Vis enkelt innlegg
Gammel 18-08-16, 10:02   #1
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.498
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Strikkebølge?

Høyrer på Ekko nå, om strikking, og har eigentleg registrert at det er mykje snakk om "strikkebølgen". Forlagskatalogane flommer over av strikkebøker og strikking er "trendy". P2 presenterer det som om Skappelgeneren, som blei publisert vinteren 2011/12, gav anslag til strikkebølgen. Korleis er det med dykk som strikker her på FP - er dette noko de har lært dei siste 4-5 åra? Og korfor strikker du? Blir du påverka av at strikking er "trendy"? Merker du nokon forskjell i måten du forholder deg til hobbyen din på?

---

Eg har "alltid" strikka, det vil seie at eg lærte det som barn og begynte å strikke og lære meg meir avanserte teknikker og større plagg skuleåret 2001-02, då eg var eit år på internatskole. Det har gått litt i periodar for min del, men eg har stort sett hatt minst eit strikketøy pågåande sidan då og eg liker ikkje å sitte stille utan å ha noko i hendene.

I 2007 oppdaga eg strikkeforum på Internett og YouTube-tutorials, og etter det har eg vore meir oppsøkande med tanke på strikking i sosiale medier og strikketreff. Og etter instagram synest eg strikking har blitt veldig mykje meir synleg.

Eg merker størst forskjell når eg møter andre. For ti år sidan var det sært å strikke, folk var kanskje nysgjerrige, men mest av typen "... Du som er så ung ..." Nå får eg meir kommentarar av typen at eg er heldig som får det til og folk er meir nysgjerrige og vil lære.

Men for min eigen del er den største forskjellen at eg driv med meir sosial strikking, særlig på nett.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat