Vis enkelt innlegg
Gammel 10-06-17, 15:58   #407
Bergensis
Ventar stadig på vår
 
Bergensis sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 9.758
Bergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt av
Standard

Sv: Ting som irriterer, vol III

Irritert, litt frustrert og noko skuffa over sjokkerande dårleg ferielønning. Var sjukmeldt store deler av fjoråret. Og sjølv om eg prisar velferdssystemet me har, så tillet eg meg å gruffe litt. Det var langt mindre enn eg hadde trudd, og setter litt dempar på ferien. Eg skulle berre ønske eg visste om det på forhånd.

Og ja, mensen. Eg forsøker å vere superpositiv ang. dette til 02-modellen. Det er berre eit bevis for at kroppen din virkar, er det ikkje fantastisk! Og inni meg blir eg berre meir og meir lei av heile greia. Kunne eg valgt ti gonger, så hadde eg valgt å vere gut kvar einaste gong. Mens, svangerskap, meir mens og overgangsalder. Det er jammen mange år med hormonell berg- og dalbane det!


Og sidan eg først er i siget: været! Alt blir verre i sånt vær. Både mensen og mindre lønn enn forventa Eg er rett og slett usjarmerande værsjuk. Eg kjefta alltid på bestemor da ho levde; det er ikkje noko poeng i å klage på været! Eg har blitt som bestemor. Ei værsjuk grinete kjerring. Iallfall i dag. Du skal få ein dag i måro, og så bortetter.

__________________
Bergensis
Bergensis er ikke aktiv