Sv: Konfirmant 2019
Eg høyrer visst også til her....Blir heilt kvalm av å tenke på det. Hatar å arrangere selskap....
Går ut frå at det blir humanistisk konfirmasjon sidan ho ikkje er døypt. Og vi må få tak i eit lokale som ikkje er så stort, for vi blir ikkje så mange. Eigentleg har eg lyst på eit lokale der dei har dukar og servise. Dei kan gjerne få dekke og pynte også.
Må innrømme at eg nesten hadde blitt litt letta om ho sa at ho ikkje ville konfirmere seg. Men det har eg sjølvsagt ikkje tenkt å seie til ho!
Vi har kanskje eit problem med dato sidan nevøen som også bur i Bergen skal ha humanistisk konfirmasjon samme år og muligens samme dag. Går dei etter etternavn når dei deler inn i grupper? Og er det berre ei helg i året i Bergen?
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|