Sv: Er det bare vann som er vann?
Dette har eg også lurt på.
Burde drikke meir, men klarer meg på halvt glas vatn til frukost, halvt glas til kvelds og heilt glas til middag. Og evnt. på trening, sjølvsagt. Drikker sjeldan og aldri utanom måltid. Nyreprøvane mine viser stadig forhøga kreatinin, og ein av legane meinte det kunne hjelpe å drikke meir vatn. Og det er sikkert bra for mykje anna også, fordøyelse feks.
Men dette å drikke fleire liter om dagen er ikkje nødvendigvis fornuftig. Ein urolog vart intervjua ang. dette, og sa bl.a. at fokus på ha lysast mogleg urin var berre tøys. Drikk når du er tørst! Sa urologen.
__________________
Bergensis
|