Vis enkelt innlegg
Gammel 04-08-17, 20:09   #39
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.493
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Bokresearch igjen - alt mulig denne gang

Eg må seie meg einig i at det sjeldan er plottet som avgjer kvaliteten på ei bok. Det er ein faktor, men bare ein blant mange. Det er likevel den tekstlige kvaliteten, kompleksiteten og det estetiske som utgjer størstedelen av lesaropplevinga for min del. Det er derfor forlag sjeldan antar prosjekt frå debutanter, men ønsker ferdige manus. Ei bok om livet som alkoholikar eller livet som innvandrer eller what not kan vere alt frå platt til veldig sterk. Sjå for eksempel på Ut og stjæle hester av Per Petterson. Den handler nesten ikkje om noko, likevel de den ein stor internasjonal suksess. Linnea Myhre er eit anna eksempel. Alle forlag får inn bøtter og spann med manus frå folk som skriv om eiga psykisk helse - ein redaktør eg kjenner sa at nesten alle som sender inn manus uoppfordra til forlag skriv krim eller Historien om livet mitt-bøker. Men i Myhre sine bøker er det ein bitter undertone og ein ironisk distanse som gjer at bøkene engasjerer. Ho skriv om psykisk helse med eit unikt skråblikk, dermed er ikkje hennar tekst ein av dei det går fjorten av på dusinet. Til tross for at ho eigentleg bare skriv om korleis heile livet hennar dreier seg om mat, skil ho seg frå dei utallige bloggarane som skriv om det same. Mi meining er at det skal rimelig mykje meir enn bare eit godt eller dårleg plott som skal til for å gjere ein god tekst.

Når det gjeld det du spør om: Eg kjenner kun sjukehus frå pasientperspektiv, men der eg er vand til å vere, er det nattevakta som legg dosettane når det er rolig på natta. Dei andre sjukepleiarane kontrollerer dei i etterkant. Kan hende er det ein meir realistisk vri at nattevakta har rota det til med dosettane?

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat