Vis enkelt innlegg
Gammel 19-06-23, 09:49   #13
Syrinx
koko
 
Syrinx sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2010
Hvor: Ålesund
Innlegg: 9.069
Blogginnlegg: 39
Syrinx har mye å være stolt avSyrinx har mye å være stolt avSyrinx har mye å være stolt avSyrinx har mye å være stolt avSyrinx har mye å være stolt avSyrinx har mye å være stolt avSyrinx har mye å være stolt avSyrinx har mye å være stolt avSyrinx har mye å være stolt avSyrinx har mye å være stolt avSyrinx har mye å være stolt av
Standard

Sv: Bombrikke i hanskerommet og ikke på frontruta

Kanskje greit å berre få montert den brikka?

- - -


PK-NTB

I fjor passerte køyretøy éin milliard gonger gjennom dei 344 bomstasjonane i landet. Ei bombrikke i frontvindauget skal sørgje for at desse passeringane blir riktig registrerte, men i mange av tilfella blir ikkje brikkene registrerte av bomstasjonane ved passering. Dette kan komme av at brikkene ikkje verkar, eller fordi bileigarane ikkje har montert dei.


I 2022 skjedde det ved heile 298,6 millionar passeringar, som utgjer 29 prosent av alle passeringane, skriv Motor.

Då må bileta granskast basert på registreringsnummeret som blir vist på biletet, men ikkje i alle tilfella klarer biletsjekk-programma å lese av registreringsnummeret frå bileta som er tekne. Då må bileta granskast manuelt, noko som i fjor måtte gjerast 10,1 millionar gonger.

Det fører til auka driftsutgifter for bomselskapa, og at meir pengar enn nødvendig går til administrasjon og ein lågare del til nedbetaling av vegprosjekta. Bompengeselskapa vil ikkje ut med kor mykje dei bruker på manuell gransking av 10 millionar biletet i året, men seier at det dreier seg om mange millionar kroner.

– Dei samla kostnadene for biletbehandling utgjorde cirka éin prosent av driftskostnadene våre i 2022, seier administrerande direktør Marius Maske i bompengeselskapet Vegamot.

__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
Syrinx er ikke aktiv   Svar med sitat