Sv: Konfirmant 2018
Denne tråden skal eg inn i også.. Vår første skal konfirmerast. Ho har proklamert at det skal vere humanistisk konfirmasjon, og vi skal vere heime hos oss sjølve.
Ganske lite selskap, og kva vi skal servere anar eg ikkje. Bunad kunne ha vore aktuelt, men ho er ei flis enno, og trur vi satsar på ein fin kjole enn så lenge. Det får bli bunad til 18-årsdagen heller: kanskje finansiert av pengar til konfirmasjonen?
Innser at det er nå vi skal kjøpe spisebordet vi har drømt om. Er berre å begynne sparinga..
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|