Sv: De - subjekt, dykk - objekt
Opprinnelig lagt inn av Darth, her.
Mens eg helst vil skriva: no må de skjerpa dokke(r). Altså ein kombinasjon av dei to (som ikkje er lov). Eg elskar "de" og hatar "dykk". "Dykk" kling dårleg i dialekta mi, og eg har vondt for å bruka denne forma. Derfor blei eg så glad når "dokker" blei lov, sjølv om det betyr at eg må ta avskjed med "de".
Eg ville brukt dokk eller dokke i (den opprinnelege) dialekta mi. Så eg ville nok ikkje sakna de dersom eg skulle gått over til dokker. Men det er ikkje naturleg for meg å endre på akkurat det skriftleg.
Dersom eg hadde jobba som lærar nå, ville eg nok vurdert det av pedagogiske hensyn. Elevar med spansk og fransk som framandspråk har ikkje kontroll på subjekt/objekt. Dessverre.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|