Vis enkelt innlegg
Gammel 14-08-17, 15:30   #1
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.494
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

[Valg 2017] Eit vanskeleg valg

Årets valg er skikkelig vanskeleg, synest eg. Politisk har eg alltid stått stødig på venstresida, men i år kjenner eg det er vanskeleg. Eg ser ikkje føre meg Jonas Gahr Støre som statsminister. Har har ikkje det som skal til av trygg autoritet og han er ikkje tydelig nok. Han er og blir ein diplomat, og eg klarer ikkje forestille meg at han har dei leiareigenskapene som skal til for å bli ein god statsminister. Og då står vi igjen med Erna Solberg. Eg er sterkt ueinig i mykje av politikken ho fører, både ideologisk og i einskildsaker. Og måten einskilde FrP-politikarar får ture fram uimotsagt, er hårreisande.

Likevel, det er litt sånn at eg vurderer å stemme på eit av sentrumspartia (Venstre), fordi eg tenker at ei sentrum-Høyre-regjering er mange gonger betre enn ei blå-brun-blå regjering. Eg tenker at tyngde i sentrum vil svekke FrP, meir enn eit rød-grønt alternativ. Men ideologisk byr det meg i mot å stemme noko som kan gi støtte til ei ny borgarleg regjering. Og då står eg tilbake med å stemme ideologisk, og dermed stemme på ein statsministerkandidat eg ikkje klarer forestille meg at vil fylle vervet, eit AP som har blitt ein skugge av seg sjølv (sjølv om eg ikkje vil stemme AP, men SV, eventuelt).

Eg satt med same tankane for fire år sidan og endre opp med å stemme SV. Men i år er eg om mogleg endå meir rådvill, fordi Solberg-regjeringa har vist seg å vere verre enn eg hadde frykta. Likevel, eg ser framleis ikkje at venstresida klarer å komme med noko som ser ut som eit god alternativ. Dersom Venstre (og KRF) hadde vore åpne for å samarbeide mot venstre, ville det stilt seg annleis. Men det er noko med planane for vidare samarbeid som gjer dette veldig vanskeleg.

Det er som om det er eit tomrom etter Jens Stoltenberg i norsk politikk. Eg synest det er rart at AP ikkje har klart å lansere ein tydeligare kandidat enn Støre.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat