Vis enkelt innlegg
Gammel 26-09-14, 13:04   #1
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.653
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Vintersovepose og underlag

Eldste går idrettslinja og dei har 2-3 overnattingsturar i fjellet kvart skuleår. I fjor fekk ho vintersoveposen Helsport Isfjord, som G-Sport anbefalte på det varmaste. Den er riktignok god og varm, men tung som bly og tek enormt med plass, så eg trur at bursdagsgåve må bli ein ny vintersovepose, god og varm, men også lett og i handterbar storleik. Er det nokon som har ein modell å anbefale? Helst ikkje meir enn 2000 kr, sidan vi allereie har brukt 2 500 på den andre soveposen, som er brukt 2 netter totalt.

Det blir ikkje tur i type 20 minus, men nokre minusgrader bør den tole. Det er overnatting i telt eller lavvo. Er det forresten lurt å kjøpe overtrekk til soveposen? Blir det varmare i posen då?

Eg ynskjer også anbefaling på eit lett og kompakt liggeunderlag, som blir så lite som mogeleg under pakking. Det gjer ikkje noko om det ikkje kostar ei formue det heller.

Olvina er ikke aktiv   Svar med sitat