Sv: Hva er forskjellen på strull og krumkake?
Eg bruker denne oppskrifta på strull:
2,5 dl Kremfløyte (kan byttast ut med same mengde rømme, men eg likar med kremfløyte best)
100 g sukker
100 g kveitemjøl
ca 0,5 dl kaldt vatn
Visp fløyte og sukker, rør inn mjøl og vatn. La røra svelle i 30 minutt. Røra skal vere ganske tynn. Eg brukar ca ei ss røre til kvar kake, med normal storleik på jernet. Pass på at røra ikkje blir vispa for mykje og sterkt, då blir den heilt umogeleg å jobbe med. Kakene må fiskast ut av jernet og rullast rundt t.d. skaftet på ei tynn sleiv veldig fort. Det stivnar på eit øyeblikk.
|