Sv: Oppskrift til skikkelig luftige boller
Ver gnien med mjølet, og bruk heller ein nøytral olje når du skal bake ut. Eg brukar litt ulike oppskrifter, alt etter kva eg skal bake, men alt blir luftig så lenge eg set deiga til heving akkurat litt i overkant klissete, og brukar ein eller annan matolje på bakebord og hender når deiga skal bakast ut. Ja, så lenge ein ikkje tek knekken på gjæren, sjølvsagt, og let deiga få heve seg skikkeleg.
|