Tråd: Lavkarbo
Vis enkelt innlegg
Gammel 16-05-13, 13:53   #49
konsulenten
Passiv
 
Innlegg: n/a
Standard

Sv: Lavkarbo

Opprinnelig lagt inn av nokon, her.

Viss det skal vere nok mat til alle folk i heile verda, må vi spise mindre animalske produkt, ikkje meir.
...
I tillegg til det som går på CO2-utslepp i kjøttindustrien, har vi mengden bærekraftig mat som går med for å fore kyr, svin og kyllingar til mat- og eggindustrien. Når vi spis kjøtt av dyr fora på korn, istadenfor å spise kornet, blir 90% av energien borte på vegen, ifølge Grønn Hverdag.
...
Det er henta frå denne artikkelen. Her finn du og ei lang liste med oversikt over korleis det er kjøttindustrien som har finansiert mesteparten av forskninga (det som var kjend fram til 2011) som støtter opp om dietten. Eg lar meg i alle fall ikkje overbevise av studier finansiert av ein industri med så åpenbare interesser. Eg trur FHI er meir objektive.


På samme måte som kjøttvareindustri finansierer forskning som de håper vil gavne dem så gjelder akkurat det samme for kornvareindustri.

Klipper litt fra en kronikk i Ytring som jeg synes var fin:

Noreg er eit grasland. Berre tre prosent av arealet vårt kan nyttast til åkerproduksjon, medan heile 39 prosent er klassifisert som open fastmark – fjell, vidder og andre område med lav vegetasjon. Dette vert ofte nytta som argument for å ete kjøt i Noreg: Vi har lite plass å dyrke grønsaker, frukt og bær på, men store areal kor drøvtyggjarane våre kan gjere om gras, lyng og kratt til menneskemat. Vi har hardføre rasar av ku og sau som finn vegen opp bratte bakkar og set godt med pels til vinteren. Dyr med fordøyingssystem som er skapt for tunge karbohydrat.

Likevel et vi stort sett kjøt som aldri har sett eit grasstrå. Fjørfe (i hovudsak slaktekylling) og svinekjøt utgjer 72,3 prosent av kjøttkonsumet i Noreg i 2011. Kyllingforbruket er meir enn dobla på 15 år. Fôret gris og kylling omset til kjøt kjem så og sei berre frå innkjøpte åkervekstar; korn og soyabønner vi fint kunne ete som dei var. Produkta har inga tilknyting til garden, og bonden vert redusert til ein omformar av vegetabilsk til animalsk protein.


Kyr, geit og sau kan ikkje konkurrere med gris og kylling på verken tilveksthastigheit eller metanutslepp, men dei kan ete seg mette på røsslyng og fjellbjørk heile sommaren slik at vi kan sette poteter og plante kål i åkeren. Slik skundar dei seg passe sakte mellom jord og bord utan å gå i vegen for verken eplehagar eller solbærfelt. Men desse dyra er ikkje produktive nok. Så lenge kraftfôrprisen er låg, arbeidstimane dyre og kosthaldsråda hyller kvitt kjøt vert botnlinja fort raud for norske drøvtyggjarar.


Til slutt, før du les vidare, lukk auga og tipp kor stor del av den globale matproduksjonen som kryssar landegrenser. Klar? Ok. Svaret er ti prosent. Trass i multinasjonal agroindustri, landgrabbing, komparative føremon, handelsorganisasjonar og tollrestriksjonar – småskalajordbruket står for 80 prosent av matproduksjonen på planeten. Sjølv om vi sym i pengar her i nord kan vi ikkje lene oss på verdsmarknaden og forvente at den skal gjere oss mette. Vi har eit ansvar for å forsyne oss sjølv med mat, og norske gardar er eit riktig og viktig innslag i dette biletet.

  Svar med sitat