Vis enkelt innlegg
Gammel 03-04-18, 18:04   #98
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.494
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Rettskriving (eller manglende rettskriving) på FB

Eg er eigentleg einig i mykje av det Tally skriv. For min eigen del har eg merka ei stor holdningsendring frå «Eg nekter å kjøpe kaffe av folk som ikkje kan reglane for samansette ord» til ein tanke om at det er fint at alle finn ein plass i yrkeslivet. Då eg underviste i norsk for yrkesfag møtte eg veldig mange ungdommer av den typen som Tally beskriv over, som er flinke med musikk eller foto eller som eg er sikker på at vil gjere det godt som barnehageassistent eller bilmekaniker. Eg hadde ei mykje meir arrogant haldning til at folk burde «gidde å skrive skrive skikkelig» før eg fekk navn og ansikt på denne store gruppa ungdommer som faktisk strever veldig med rettskriving.

Når det er sagt trur eg ikkje det blir betre av at «vi», som i samfunnet, aksepterer at fleire og fleire skriv som dei snakker. For mange som strever med rettskriving av ulike årsaker er det lettare å ha konkrete reglar å forhalde seg til, enn situasjonsavhengige regler. Det er lettare å aldri skrive «demmers» enn å skrive det i SoMe og ikkje på skulen. Og det er lettare å lære riktig teiknsetring viss ein ikkje blander inn tilfeldig bruk av ..., ; og - . Mange med middels eller låg grad av måloppnåing i rettskriving vil komme langt med å bare kutte ut alle andre teikn enn . og ,. Så det slår begge vegar det der.

Sjølv har eg ein del fb-venner frå Nord-Norge og Jæren som skriv mykje dialekt. Og eg må innrømme at eg ofte ikkje orker å deschifrere det dei skriv. «Sgosche» for skulle ikkje, for eksempel, blir over the top for min del.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat