Sv: Særemne/fordypningsoppgave
Men kva liker du best? Liker du best å lese bøker og analysere dei eller liker du best å skrive om samfunnsrelaterte tema som motivasjon til lesing hos ungdom? Det blir to veldig forskjellige oppgåver.
Eg tenker ikkje at det å skrive om døden er ei dårleg oppgåve. Det eg forsøkte å seie var at Kjære søster og Snøsøsteren har såpass ulik målgruppe at det bør inn i problemstillingen viss du skal samanlikne dei. Personleg trur eg ei slik oppgåve er lettare å gjere det bra på enn ei oppgåve der du skal sette deg inn i kva som motiverer "unge" til å lese. Den siste er ein problemstilling det blir vanskeleg å løfte opp til 5-6 nivå, fordi det er ei oppgåve det er lett å synse og vanskeleg å dokumentere og drøfte i. Eg trur ei klassisk analyseoppgåve av eit tema du synes er interessant er ei oppgåve som i større grad åpner for å bruke faget.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|