Do/bad på hotell
Kva heiter det idiotiske opplegget med do og bad i samme rom som sengene? Eg vil ha eit hotellrom der det er eit bad og ein do der eg kan lukke døra. I beskrivelsen av hotellet, blir det sjeldan opplyst om kva ordning det er. Eg har sett på himla mange hotell siste månadane, og kun eit par gonger har det vore stått i klartekst.
Det hender ein kan sjå det på bildene, men som oftast ikkje.
__________________
Bergensis
|