Vis enkelt innlegg
Gammel 26-09-06, 10:30   #4
Alfa
Dukkar plutseleg opp ...
 
Alfa sin avatar
 
Medlem siden: Sep 2006
Innlegg: 4.374
Alfa har et rykte de fleste bare kan drømme omAlfa har et rykte de fleste bare kan drømme omAlfa har et rykte de fleste bare kan drømme omAlfa har et rykte de fleste bare kan drømme omAlfa har et rykte de fleste bare kan drømme omAlfa har et rykte de fleste bare kan drømme omAlfa har et rykte de fleste bare kan drømme omAlfa har et rykte de fleste bare kan drømme omAlfa har et rykte de fleste bare kan drømme omAlfa har et rykte de fleste bare kan drømme omAlfa har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Eg har stor klokketru på ein kombinasjon av friheit under ansvar, og eit ope forhold mellom foreldre og barn. Det aller viktigaste for meg er at ungane mine skal ha tillit nok til å ringe meg om dei vert fulle, redde eller havnar i situasjonar dei ikkje taklar åleine.

Dette betyr sjølvsagt ikkje at dei ikkje skal ha reglar, men for strenge reglar trur eg vil føre til ei kjensle av at dei vert behandla urettferdig, noko som igjen kan føre til at opprørstrangen vert sterkare. Mine foreldre var akkurat passe strenge, det syntest eg då og det synes eg no. Dette førte, hos meg, til ei kjensle av tillit frå mine foreldre. Den tilliten ville eg gjerne at dei skulle halde fram med å ha til meg, og eg oppførte meg stort sett deretter.

Dei gongane det gjekk "gale" ringde eg mine foreldre. Eg visste at dei vart skuffa, men eg visste også at dei tok i mot meg med opne armar.

Alfa er ikke aktiv   Svar med sitat