Vis enkelt innlegg
Gammel 17-10-18, 09:11   #13
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.493
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Utfordrer Hareide tilliten til det politiske systemet?

Så vidt eg har skjønt, gjekk Hareide til valg på eit sentrum-høyre-alternativ. Han gjekk til valg med Solberg som statsministerkandidat og han gjekk til valg med eit heilt klart signal om å ikkje atøtte FrP i regjering. Eg forstod aldri dette, all den tid Solberg sitt alternativ var FrP. Det var allereie her noko som skurre, med Solberg som statsminister utan FrP. Men det tredje han sa før valet, var at ei stemme på KrF var ei stemme på krf-politikk.

Hareide gjentok gong på gong at dei først og framst ønska ei regjering som fører KrF sin politikk. Han har gjentatt menneskeverd så mange gonger at det nesten har blitt forslitt. Og dersom vi ser bort i frå den store plassen abortspørsmålet,et får i KrF sin politikk, er det langt fleire berøringspunkter mellom den kristne menneskeverd-tankegangen til KrF og venstresida si forankring i solidaritet. Eg har diskutert med ein del konservative KrF-arar på fb, og det er ingen som kan svare på korleis frp-samarbeidet var mogleg, med det fokuset på menneskeverd som KrF ønsker å fronte.

Eg trur at KrF, dersom landsmøtet vedtar Hareide sin kurs, vil kunne fylle det hullet eg lenge har opplevd at det er, mellom sentrum og AP. Og eg trur og dei vil få større gjennomslag for dei store linjene i politikken sin, ved å gå for ein meir sosialistisk fordelingspolitikk. Så sånn sett held han valløftet om å jobbe for gjennomslag for KrF sin politikk. Han held og løftet om å ikkke bidra til å sette FrP i regjering. Han bryt løftet om å gå til val med Erna som statsministerkandidat. Men samtidig er har og Erna gjort det umogleg å innfri dette løftet, fordi ho har avvist eit sentrum-høyre-alternativ.

At Høyre, etter å ha blokkert for det alternativet Hareide gjekk til val på, anklager Hareide for å bryte løfter, heng ikkje på greip.

(Eg har ikkje tilgang på saken i HI, men har høyrd den parafraserert over radio i dag).

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat