Vis enkelt innlegg
Gammel 07-06-13, 22:01   #16
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.494
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Hvordan slanker man seg?

Mine tips er:

1. Planlegge veka: frokost, lunsj, mellommåltid, middag og kvelds, lage meny og handleliste og halde seg til planen. Halde seg unna butikken for å kjøpe småting, resten av veka.
2. Bestemme seg for ein porsjon godteri i veka (for eksempel eit kakestykke i bursdag på søndag eller 50 gram sjokolade på fredag eller to glass vin på lørdag. Ikkje alle tre, det blir for mykje). Kutte ut alt anna.
3. Passe på porsjonsstørrelse. Eg spis 100 gram pasta/ris/potet, 150 gram kjøtt eller fisk (viss ikkje det er vegetarmiddag), og så spis eg meg mett på grønnsaker. Alltid ha nok grønnsakstilbehør til eit måltid.
4. Hugs på "usynlege" kalorier, som olje til steiking, dressing på salaten, smør på brødet, juice og andre flytande kalorier, melka i kaffe latten på kaffebaren... Det er fort gjort å spise mykje meir enn ein trur, viss ein gløymer nokre av desse.
5. Viss du sklir ut og spis noko du ikkje burde ein dag, la det bli med det. Viss eg tar ein twist frå ei skål som står framme hos svigers, betyr ikkje det at alt er øydelagt og at eg like gjerne kan skylle ned ein pose potetgull med ei flaske brus. Den eine twistbiten er ikkje noko problem i den store samanhengen. (Sjølv om du har køyrd på rødt lys, treng du ikkje rane ein bank...)
6. Ha te med mykje smak i hus, dersom du får lyst på noko godt på kvelden. Eg drikk chai-te og pukka peppermynte- og lakriste. Det er utan kalorier og har mykje smak, samt at det tar lang tid å drikke ein kopp te, så du rekk å gløyme at du eigentleg hadde tenkt å spise godteri.
7. Ha lett tilgjengeleg frukt og grønnsaker, gjerne i ei skål på bordet. Då er vegen til fruktfatet kortare enn vegen til fryseboksen eller kjøleskapet.
8. Finn eit fellesskap. Eg er med i fleire små fellesskap på nett, kor eg kan snakke med folk om slanking, blant anna Vektklubb.no (her er det og ein veldig god oppskriftsdatabase, som aleine er verdt medlemsavgifta!). Andre har stort utbytte av Grete Roede eller liknande, men finn noko som er forpliktande, anten på nett eller IRL.
9. Snakk med nokon nære venner eller familiemedlem om korfor du vil ned i vekt, når motivasjonen er høg. Når du, etter tre veker, begynner å bli lei rugsprø med magerost og lengter etter ein fråtsekveld med ost og kjeks, treng du å ha ein som kan minne deg på korfor du vil leve eit sunnare liv og korfor det ikkje er lurt å gå på trynet i smågodtskåla likevel.

Forslag til mat (eg går ned mellom 0,5-0,7 kg. i veka på denne menyen):
Frokost: 4 rugsprø med magerost/ to rugsprø med snøfrisk og eit kokt egg/ firkorn, solsikkekjerner og linfrø med yoghurt naturell og friske bær. (200-250 kcal).
Lunsj: Salat. Mykje grønn salat. Fyll på med noko godt og mettande som du varierer med for å ikkje bli lei, for eksempel grønn tomat og fetaost, ost og skinke, egg og skinke, kylling og fetaost, tunfisk og kikerter el. Pass på at du ikkje har for mykje av det kaloririke i salaten, men at det likevel er nok til at du blir mett. (300-350 kcal).
Middag: 100 gram pasta/ris/potet. 150 gram kjøtt eller fisk. Store mengder wokka grønnsaker, salat eller liknande, avhengig av kva rett det er snakk om. Ver obs på ting som trekk opp. Viss vi har taco, lager eg tacosalat og spis 10 nachoschips, istadenfor tre tortillalefser som eg ville spist før. Eg er forsiktig med ost og rømme, men spis likevel det same som alle andre. Det same gjeld alle middagar, eg spis det same som dei andre, men mindre pasta/ris/potet, saus og kjøtt og mykje meir grønnsaker. Lag gjerne supper, det er mettande med lite kalorier. Det er mange gode oppskrifter på vektklubb.no. (ca. 500 kcal).
Kveldsmat: to rugsprø med magerost/snøfrisk el. (ca. 150- 200 kcal).
Mellommåltid: Frukt og bær, yoghurt, nøtter el. pass på mengden.

Lykke til!

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat