Vis enkelt innlegg
Gammel 02-12-13, 00:15   #1
Toffskij
kamerat
 
Toffskij sin avatar
 
Medlem siden: Sep 2006
Innlegg: 28.816
Blogginnlegg: 693
Toffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme omToffskij har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

[2013] 2. desember: Invasjon frå ei anna verd

Dalekane kjem for å invadere jorda. Dei gjer det iblant. (Om du ikkje veit kva ein dalek er, kan du lese her. Men det er nok å vite at dei er vonde, alltid vil erobre heile universet og ser ned på alle andre artar. Og at dei set reint dalek-DNA høgare enn alt anna.) Men kva er dette? Ein utanomjordisk art (kva anna kan ein tru om by- og bygdedyret?) har kidnappa ein haug med uskuldige?[1] Dette er ikkje akseptabelt.

«Forklar! Forklar! Det er vi som er dei vonde frå verdsrommet her!» skrik dalekane. «Ei kidnapping som ikkje vi står bak? Det er ikkje akseptabelt!»

Ein … uvanleg dalek kjem ut av mengda. Dette er Kunst- og handverksdaleken.[2]


Du kan kjenne att Kunst- og handverksdaleken på malingflekkane og hobbymateriala

«Uakseptabelt!» skrik han. «Her på jorda er det vi som held gissel. Ingen andre! Vi må ta over for by- og bygdedyret! Men for å gjere det, må vi ha kamuflasje! Eg lagar sesongtilpassa forkledningar! Ingen vil vite kva som har skjedd, før vi har teke over.»

Og raskt som ein vind heklar Kunst- og handverksdaleken nisseluer til heile dalekflokken. Og spikkar ski til alle mann. Kunst- og handverksdaleken er uvanleg god til å hekle og spikke, men det er uvisst om kamuflasjen har den effekten dei var ute etter. Men det er ikkje nokon som kan sjå dei, der dei går i diagonalgang over det mørke, snødekte vinterfjellet. Ikkje på ei lang stund.



«Ho, ho, ho! Kva er dette?»

Brått tårnar ein enorm, raudkledd skapning seg opp framfor dei.



«Identifiser deg! Identifiser deg!» skrålar dalekene. Dei eig ikkje frykt.

«Eg veit i alle fall kven de er. De er dalekar. På veg for å ta min gode ven Kjøpesenter-Kjell og mange andre som gissel.»

«Korrekt! Korrekt!»

«By- og bygdedyret har jo eit slags poeng, men de dalekar har inga aning om kva jula er for noko. Så eg må stoppe dykk.»

«Eksterminer! Eksterminer!» skrik dalekane i munnen på kvarandre. Men nissen ler berre godsleg og tek sekken av ryggen. Sekken ser ikkje så stor ut, men han er større på innsida, og gir frå seg ein høg, pipande lyd. Og han syg alle dalekane til seg.

«Forklar! Forklar! Forklaaaaaaaargh!» skrik dalekane idet dei forsvinn inn i sekken.



Den kvelden får julenissen nye assistentar. Dei får ein verkstad for seg sjølve. Kunst- og handverksdaleken er fantastisk god til å lage julegåver. Dei andre får snart ein mistanke om at noko ikkje er heilt som det skal vere med han.


[1] Dalekane skannar desse og finn at heller ikkje dei har menneskeleg DNA. Kva skjer her?!
[2] Som sagt er dalekar opptekne av reint DNA, men vanlegvis ikkje av handarbeidsprosjekt. Kunst- og handverksdaleken har ein løyndom. DNA-et hans er ikkje reint. Han blei ein gong redda frå undergangen av eit handtrykk frå kunst- og handverkslæraren Fredrik. Men det har sett spor.

__________________
Prima (0503) et Secunda (0505)

“Do you find it easy to get drunk on words?"
"So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.”
(Dorothy L. Sayers, Gaudy Night)

Sist redigert av Toffskij : 02-12-13 kl 00:26.
Toffskij er ikke aktiv   Svar med sitat