Vis enkelt innlegg
Gammel 12-12-16, 12:05   #2
Effie
wizzzard
 
Effie sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2009
Innlegg: 956
Blogginnlegg: 1
Effie er populærEffie er populærEffie er populærEffie er populærEffie er populærEffie er populær
Standard

Sv: Labradoodle/Australian Cobberdog

Australian cobberdog er i hovudsak samme greia som labradoodle ja, og det er -veldig- mykje rart og svært uforutsigbart kva du får. Det er store forskjellar på størrelse, pels og lynne innad i samme kull til og med. Ville absolutt styrt unna. Det har blitt fryktelig populært med labradoodle/cobberdog pga "allergivennlig" og "fantastisk lynne" og "bedre helse", men det er ingen av delene som kan dokumenterast og min erfaring (eg kjenner ein god del av dei etterkvart) er at dei alle sammen har litt utfordringar, særleg med tanke på redsel og nervøsitet. Mange fine hundar der og, absolutt, men du kan ikkje på noko vis vere sikker på at det du trur du kjøper er det du får.

Kva er det du ser etter i ein hund da? Kva var det med beskrivinga av labradoodleblandingen som du ikkje finner i enten labrador eller puddel?

__________________
Det är ni som är dom konstiga, det är jag som är normal.
Effie er aktiv nå   Svar med sitat