Sv: Har du sett Marcella (Netflix)?
Eg hadde gløymd at eg hadde starta denne tråden ein gong i tida, men nå har eg og sett ferdig sesong 2.
Ein av tinga som irriterer meg her og i fleire Hans Rosenfeldt- serier og bøker er måten han framstiller dissosiativ amnesi på. Eg har sett det i andre krimbøker og - folk som utfører kriminelle handlinger i dissosiativ tilstand, utan å hugse det etterpå. Det kan jo skje. Men dissosiativ lidelse er ein tilstand mange ikkje kjenner til, som blir framstilt veldig feil i ein del populærkultur. :rant:
Elles reagerte eg og på mykje av det same som Tallulah i sesong 1 og er einig i at sesong 2 er betre, nettopp fordi ho forsøker å løyse problema sine.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|