Sv: 1700 nordmenn døde av influensa i 2016?
Svineinfluensaen var vel litt i særstilling sidan den også kunne ramme friske, unge mennesker hardt.
Nokre eg kjenner seier at dei har hatt influensa ein gong, og sidan da vaksinert seg årleg. Eg er temmelig overbevist om at mange influensasjuke egentlig har fått ein hard forkjølelse. Og ein del trur at ein ikkje har feber med forkjølelse, og at feber betyr influensa. Derfor vaksinerer dei seg ikkje, fordi "influensaen" dei hadde ikkje var så ille.
Det er jo også eit samfunnsansvar å vaksinere seg. Tilsette i skule, barnehage, omsorgsbustader og eldreomsorg burde oppmodast enda sterkare til å vaksinere seg. Me får vaksina dekka, og blir oppmoda til å ta den. Det er jo også litt for å begrense sjukefravær, trur eg.
__________________
Bergensis
|