Vis enkelt innlegg
Gammel 25-11-20, 16:41   #27
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.653
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Sv: Potetlefse for nybegynnere

Meteortakke, 46 cm, plan, er det visst mi heiter. På den er 180 gr emner perfekt.

Vi brukar som sagt dei same lefsene til alt. Dei som skal brukast som selskapsmat dynkast med vatn på sprøyflaske, får ligge mellom plast nokre minutt og smørjast deretter med sukker- og smørblanding, og brettast saman. Dei andre lefsene dynkast med vatn, ligg ei lita stund under plast, klippast i 4 og frysast i brødposar med eit passeleg antal i kvar.

Vi brukar helmelk, ja. Det finst eit utal variasjoner av lefser berre i området her, men søker ein på potetlefser med semulegryn, kjem det opp mange oppskrifter frå ulike stadar. Eg tykkjer at desse lefsene blir saftigere enn mange andre eg har smakt, men her er det nok mange faktorar som spelar inn med dynking, mengde mjøl, kor mykje smørblanding osb.


Sist redigert av Olvina : 25-11-20 kl 16:46.
Olvina er ikke aktiv   Svar med sitat