Sv: Navn og forventinger til uttale
Opprinnelig lagt inn av Avatar, her.
Minsten min heter Albert, noe som burde være ganske greit å uttale. Men han blir ofte kalt for Albørt, og det irriterer meg voldsomt!
Vi er ein austlending og ein vestlending, busett på austlandet. Og eg tenker at vi styrer unna slike namn som åpenbart vil få veldig ulik uttale, som for eksempel Albert. Eg veit at slekta mi på vestlandet vil seie Albårt. Og Pettår. Torstein er eit namn eg liker godt, men ikkje når austlendingane seier Tåsschtein.
Eg synest faktisk dette med uttale og uttaleforskjellar er med på å gjere det å velje namn vanskeleg, og skjønner ikkje heilt korfor nokon vel å komplisere det ytterlegare med alternative stavemåtar.
|