Sv: Hvordan tar du imot skryt?
Dette er heilt klart ei treningssak for dei fleste av oss. Eg var kjempedårleg før, og kom gjerne med sjølvironiske kommentarar for å dekke over kor flau eg var. No prøvar eg å smile og seie noko a'la; "Meinar du det? Så koseleg. Tusen takk!", sjølv om første impuls framleis er å reagere som tidlegare. Men søren heller, eg blir no glad når nokon oppdagar at eg har gjort ein brukandes jobb, endeleg har funne eit klesplagg som kler meg eller noko, kvifor skal eg late som eg ikkje er det? *jobbar framleis med meg sjølv*
|