Vis enkelt innlegg
Gammel 19-01-18, 11:14   #563
Simone
Bør lage seg en tittel selv
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 2.807
Simone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Ting som irriterer volum IV

Jobba overtid til klokka 20 i går kveld for å forberede meg til presentasjon eg skulle holde klokka 12 i dag. Og så blir møtet avlyst på grunn av at halvparten av dei som skulle ha vore der plutselig ikkje kan komme av ymse grunnar
Dei fleste på grunn av sjukdom, så det er forsåvidt gyldig fravær. Men irriterande likevel!
Og så fant eg ut at ein eg har personalansvar for har vore vekke heile veka uten å levere eigenmelding eller sjukemelding eller noko som helst. Han har ein far med terminal kreft og eg anbefalte han å snakke med personalkonsulenten og søke om velferdspermisjon forrige fredag. Då han ikkje dukka opp på jobb mandag antok eg at han hadde søkt eller fått sjukemelding og at alt var ok. Men no viser det seg altså at personalkonsulenten ikkje har høyrt noko om dette i det heile tatt og ikkje visste at han var vekke. Eg kan jo ikkje kjefte på ein mann som sitt ved dødsleiet til sin far, men eg må nesten ta kontakt med han og informere om at han enten må søke om velferdspermisjon eller levere ei sjukemelding. Han kan ikkje berre utebli frå jobb. Og den telefonsamtalen gruar eg meg skikkelig til....Likar ikkje å ha personalansvar.....

__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
Simone er ikke aktiv