Sv: Fjerne prislappen på sko?
Hoho! Eg var forlovar i eit bryllup, kor kyrkjetenaren såg det som si oppgåve å passe på at brudeparet ikkje hadde prislapp under skorne, når dei knelte ned. I god tid før vigslen, spurde han brudgommen om han hadde hugsa prislappen under skorne. Det hadde han.
- Flott, det ser så dumt ut når de kneler og de har prislappar under skoen, sa den eldre mannen og snudde seg og gjekk. Og bak på buksa hans hang det sånn plast-remse med storleiken på buksa.
|