Vis enkelt innlegg
Gammel 17-09-15, 20:45   #19
Darth
En, av to-tre
 
Darth sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2011
Innlegg: 5.083
Darth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt avDarth har mye å være stolt av
Standard

Sv: Lyrikkanbefaling

Marie Takvam er ein favoritt hos meg også.

Og så likte eg så fantastisk godt diktet av Astrid Krog Halse som sto i Dag og Tid for eit par veker sidan. Eg finn ikkje originalen, kun den versjonen eg modifiserte ørlitegranne for mine austlandske elevar (endra to-tre ord så diktet blei enklare å forstå).

Eg siglar min båt til eit framandt land,
tenner min eld på ei namnlaus strand
der bølgjene stryk ut kvart einaste far.
Eg ropar mot havet, men får ikkje svar.

Da veit eg at ingen kan nå meg meir.
Villfuglen rømde ei natt frå sitt reir.
Kan hende eg græt når det lir mot kveld.
Kan hende han sloknar, min einsame eld.

Eg reiv opp mitt feste. Eg kan ikkje vende.
Båten som ber meg, går aldri attende.

Darth er ikke aktiv   Svar med sitat