Sv: Laundry services guide?
Eg elskar å vaske klær, så ila. ei ferieveke vaskar eg minst ei maskin. Strengt tatt ikkje nødvendig, sjølvsagt. Men det føles godt. Litt mentalhygiene. Noko med å få unna ting. Me trenar typisk ein gong eller to ila. oppholdet, og da er det iallfall greit å få vaska. Det finnes alltid eit myntvaskeri eller liknande på ferieplassar av noko storleik. Eg klarer iallfall å spore dei opp.
No forsøker eg å pakkke minimalt til storbyferie, men eg er skikkelig dårlig på det, altså! Tanken er jo at me skal kjøpe litt nytt. Og når eg ser for meg at me vil vaske ei maskin ila. oppholdet, så burde det ikkje vere vanskelig. Egentlig.
__________________
Bergensis
|