Sv: Hva skulle du ønske barna drev med...
Håndball, turn og gitar.
Håndball fordi eg har hatt veldig stor glede av det både som spelar, trenar og tilskuar. Det er langt enklare for meg å engasjere meg på eit felt eg sjølv har lidenskap for.
Turn fordi det er ein idrett som gir særs godt grunnlag for det meste. Styrke, kroppsholdning, kroppskontroll, feks.
Om dei skulle spelt eit instrument, så ville eg ønska at dei valgte gitar. Eg tenker det er mest anvendlig. Mulig fordi eg er farga av eigne erfaringar med rolege, trivelige nachspiel i seine nattetimar, og dersom nokon klimpra på gitar, var settingen komplett.
No har ingen av mine utmerka seg i nokon idrett. Dei er vel som mor si; kjedelig gjennomsnittleg på det meste i livet. Men eg ser jo at dersom dei skulla ha ein lidenskap for fritidsaktivitet, så ville mitt engasjement henge seg på etterkvart.
__________________
Bergensis
|