Sv: Netflix-anbefaling: 13 gode grunner
Ho har også fått beskjed om at dersom nokon snakkar om eller signaliserer sjølvmordstankar, så skal dette formidlast til ein voksenperson. Uansett.
Ei veninne av henne var ein kort periode avstandsforelska i ein gut i nabobygda. Ho valgte til slutt å trekke seg ut av det som var starten på eit kjæresteforhold. Da byrja det å hagle inn med meldingar om at han ville ta livet sitt dersom ho ikkje ombestemte seg. Eg sa til henne (og jentungen) at dette er såpass alvorlege utspel at voksne i han sitt nærmiljø bør kontaktast. Å få ein ambulanse på døra kan utgjere ein skilnad. Er sjølvmordstrusselen reell så skal guten ha hjelp. Er sjølvmordstrusselen tomme truslar, så vil ein ambulanse på døra kanskje få han til å tenke seg om ein ekstra gong ved seinare høve.
Ein tullar ikkje med sånne truslar. Ein skal aldri bruke det som pressmiddel. Om ein gjer det, så bør det få konsekvensar.
__________________
Bergensis
|