Sv: Satser du på mer miljøvennlige feriereiser i 2017?
Dei fleste private flyreisene i familien ligg til ungane. "Eg reiser åleine" er eit utruleg praktisk tilbod, som ikkje kan erstattast av tog, buss eller bil. Dei flyr til besteforeldra ca to gonger i året. Sjølv reiser eg alt for mykje i jobben, men gjer mitt beste for å velge andre alternativ enn fly der det går. Båt er kanskje ikkje så mykje betre enn fly, men det er enklare å få lagt om dei motorane til fossilfrie alternativ, så eg har ofte brukt både hurtigruten og danskebåten på veg til møte. Det er ca 5 år sidan vi for på lengre familieferie med fly (Gran canaria). Ifjor brukte vi tog, elbil og båt, og reiste heile Noreg på langs. Vi har planlagt USA-tur i lengre tid, og hadde tenkt å reise no i påska. No er vi veldig usikre på om det er lurt, av geopolitiske grunnar.
__________________
Litjtausa 06. Lille skatt 07
|