Sv: Kildesortering
Det er det, Hyacinth! Det tok jo Oslo kommune nokre år meir enn resten av landet å komme opp med ei god løysing for kjeldesortering, men slik det er nå, fungerer det veldig godt. Vi kaster restavfall i vanlege posar, matavfall i grønne posar og plastavfall i blå. Så blir dette sortert av ein robot, på søppelplassen.
Når det gjeld det som blir sagt over, om kva som skal sorterast korleis, og folk som sorterer i god tru, har eg ein kommentar. Eg meiner at det er ganske stor forskjell frå kommune til kommune, på om matavfall blir brukt til fjernvarme, biodrivstoff eller om det blir kompostert. Og det er jo ganske relevant for kva som kan vere med i matavfallet. Dersom det blir brent til fjernvarme, er det ikkje så farleg med tørkepapir i matavfallet, som dersom det blir kompostert, for eksempel. Det er derfor det er viktig å sjekke på sortere.no kva som skal sorterast kor.
|